Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjerde, Bjarne
dc.contributor.authorGjedrem, Trygve
dc.contributor.authorThorland, Ingunn
dc.date.accessioned2015-05-21T07:51:38Z
dc.date.accessioned2015-05-29T12:16:00Z
dc.date.available2015-05-21T07:51:38Z
dc.date.available2015-05-29T12:16:00Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.citationNofima rapportserie. 11 p. Nofima, 2013
dc.identifier.isbn978-82-8296-142-4
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/284283
dc.description-
dc.description.abstractDersom generasjonsintervallet kan reduserast frå fire til tre år vil den genetiske framgangen per år auke med 33% gitt elles like forhold. Hos laks kan dette oppnåast ved produksjon av familiar som vert sett i sjøen som 0+ haustsmolt i staden for som 1+ vårsmolt. I dette prosjektet testa vi familiar frå tre årsklassar som vart sett ut som 0+ smolt (2006, 2009 og 2010) og to årsklassar sett som 1+ smolt (2006 og 2009) for tilvekst og kjønnsmodning. For fisk sett ut som 0+ haustsmolt var prosent kjønnsmoden fisk etter to vintrar i sjøen og tre års alder (nkjm0+) jamt over lågare enn for fisk som blir sett ut som 1+ vårsmolt etter ein vinter i sjøen og fire års alder (nkjm1). Fordi nkjm0+ fisk blir brukt som stamfisk vil prosent nkjm0+ fisk truleg auke over tid. Det vart ikkje funne nokon tydeleg effekt på nkjm0+ av å gi 0+ fisken kontinuerleg lys frå 1. april etter to vintrar i sjøen. Difor er det helst for eigenskapar der utvalet er basert på utval mellom familiar (sjukdomsresistens, kvalitet) at ein reduksjon i generasjonsintervallet vil gi større genetisk framgang per år. For eigenskapar der ein også gjer utval innan familie (tilvekst) kan det tenkast at utsett av eit større tal 1+ fisk kunne gitt like stor auke i genetisk framgang per år som å setja ut mange 0+ fisk, men der færre modnar ved tre års alder. Det vart funne ein betydeleg arveleg variasjon for nkjm0+, medan den genetiske variasjonen for tkjm1+ var vesentleg lågare. Den genetiske korrelasjonen mellom nkjm0+ og tkjm1+ var nær null i begge årsklassane (0.21±0.18; -0.02±0.10). Det betyr at dersom ein vel å redusere generasjonsintervallet frå fire til tre år og samtidig ynskjer å redusere prosent tkjm1+ fisk må 1+ smolt frå dei same familiane testast for tkjm1+. Men tkjm1+ data er først er tilgjengeleg i juli etter eitt år i sjøen og difor to til tre månader etter pre-seleksjonen av foreldra til ein ny generasjon 0+ smolt. Difor må ein for å oppnå genetisk framgang også for tkjm1+ velje ut stamfisk frå mange familiar slik at utvalet mot tkjm1+ kan gjerast rett før eller ved stryking av foreldra i oktober/november. For vekt av fisk sett ut som 0+ (vekt0+) og 1+ (vekt1+) smolt vart det funne ein betydeleg arveleg variasjonen og med ein relativ høg genetisk genetiske korrelasjonen mellom vekt0+ og vekt1+ (0.78±0.07; 0.76±0.05). Det gjer at utvak for vekt0+ også vil gi ein betydeleg genetisk framgang for vekt1+. Produksjon av 0+ smolt gjer at denne ved merking er relativt mindre enn tilsvarande 1+ smolt noko som gjer at ikkje alle fisk er store nok til å bli 0+ smolt. Vi fann vi ein betydeleg underestimering av den genetiske framgangen for sluttvekt av å ikkje kunne merke dei minste fiskane i kvar familie, men at denne effekten relativt enkelt kan korrigerast for ved å vege alle fiskane ved merking. Den genetiske framgangen for tilvekst kan aukast betydeleg ved å merke dei største fiskane i kvar familie i staden for eit tilfeldig utval som det er vanleg å gjere.
dc.description.abstractIf the generation interval can be reduced from four to three years genetic gain per year can be increased by 33 % given else similar conditions. In Atlantic salmon this can be obtained through the production families that are put into the sea as 0+ autumn smolt instead of 1+ spring smolt. Genetic parameters were obtained for growth and sexual maturity (either or trait) based on traits records on fish from the same families from each of three different year-classes (2006, 2009 and 2010) that were put into the sea as 0+ autumn smolt and 1+ spring smolts. The trait records were obtained after one winter in the sea for two of the 1+ year-classes (2006 and 2009) and after two winters in the sea for all three 0+ year-classes. For the 1+ fish percent early sexual mature fish was 11.9 % (2006) and 7.6 % (2009), and for the 0+ fish 27.0 % (2006), 60.2 % (2009) and 33.1 % (2010). The genetic variation for sexual maturity was substantial for the 0+ fish, but much lower for the 1+ fish, while the genetic correlation between these traits was close to zero in both year-classes (0.21±0.18; -0.02±0.10). The genetic variation for body weight was substantial for both the 0+ and the 1+ fish, and with a high genetic correlation between these traits in both year-classes (0.78±0.07; 0.76±0.05). It is concluded that if generation interval is reduced to three years and early sexual maturity is an important trait for fish put into the sea as 1+ smolt, the breeding nucleus families should also be tested as 1+ smolt.
dc.language.isonno
dc.relation.urihttps://nofimaas.sharepoint.com/sites/public/_layouts/15/guestaccess.aspx?guestaccesstoken=GszXm%2fkCfd6heKN8p1VQORV3jptJfn2nLV7Q%2bWRZm4Y%3d&docid=090c1b0094a2548aeb17191a38612e4ef
dc.titleKortare generasjonsintervall hos laks
dc.title.alternativeRapport/Report 48/2013 English Summary
dc.typeResearch report
dc.date.updated2015-05-21T07:51:37Z
dc.identifier.cristin1075697
dc.relation.projectEgen institusjon: 2281


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel